Den nye utgåva av Naturfag 8 frå Cappelen Damm har ei praktisk tilnærming til naturfaget og er tett knytt til elevkvardagen. Boka byggjer den faglege tryggleiken elevane treng for å forstå kvifor og korleis vi skal ta vare på naturen, artane og oss sjølv.
Grunnbok 8 er delt inn i fem kapittel:
- Den levande naturen
- Mennesket i naturen
- Vitskap
- Alt er kjemi
- Energi
Boka har ein oversiktleg struktur med informative overskrifter, engasjerande tekstar, spektakulære bilete og forklarande illustrasjonar. Eksperiment og varierte oppgåver viser teorien i praksis og sørgjer for at elevane gjer eigne erfaringar.
Naturfag 8 vekkjer nysgjerrigheit og læringsglede og gir elevane ei forståing som inspirerer dei til å bruke kunnskapen i sin eigen kvardag.